Gardsdrift

 

- Garden har gjennom tidene vore driven som ein typisk Vestlandsgard, der ein har drive med sau, hest, mjølkekyr og høner. Her har også vore gode frukt og bærhagar, m.a eple, pære, moreller og plommer. Poteter og grønnsaker. Det som vart dyrka vart seld på torget i byen (Ålesund) og til privatfolk, men også til saftpresseriet på Stranda.

- Fiskeri var også ein viktig del av næringa med havgåande fiskeskøyter, og fjordfiske til mat på bordet.

- I 1981 vart det bygd ny fjøs med satsing på storfe. Nye marker og område vart rydda..

 

- Då vi tok over garden i 2017 starta vi med omlegging av drifta frå storfe til kun sau. Beita hadde grodd igjen med skog. Fleire tiltak vart starta for å hindre attegroing. Mykje godt arbeid med gjerdebygging, dreneringar, grøfting og rydding har blitt gjort.

 

-Vi fokuserer på å ta vare på og vinne tilbake det vakre kulturlandskapet vårt, og det biologiske artsmangfaldet rundt oss. Dette vil vi gjere på ein berekraftig måte og i takt med auke i gardsdrifta.  

- I 2018 fekk vi registrert den raudlista "Solblom" i Artsdatabanken. 


-Garden har vore Debio- godkjent for økologisk landbruk sidan midten av 90-talet.

 

-Vi starta i 2018  opp med sauehald med rasegodkjent Gammelnorsk Spælsau med horn. Dette er av dei mest opprinnelige sauerasane våre frå gammal tid. Dei har og status som bevaringsverdig husdyr rase og er ein fantastisk rydde sau og et alt som veks til litt over 1-1,5 meter høgde. Dette gir utlsag i fantastisk god kjøtsmak.


- I 2019 starta vi med salg av 

lokal mat etter godkjenning frå Mattilsynet.


-I 2020 starta vi med ombygging av driftsbygninga. Betre tilrettelegging for saueproduksjon og lokalmatproduksjon.

 

-Vi ser framover og satsar på landbruket. Vi  ynskjer å tilby sunn, trygg,  naturleg og kortreist lokal produsert mat av høgaste kvalitet. Fenalår, pinnekjøt m.m.


-Vi er frå mars-24 godkjent "Inn på tunet-tilbydar"


Huset på garden

 

- Huset som i dag står på garden  på Sætre (Sørestranda/Ikornnes) vart bygd i 1932-34 av Johan B. Sætre  (Besten). Han kom heim til jul i 1931 etter å ha utvandra til Amerika i januar 1924. Den 25 juli 1942 gifte han seg med Johanne Marie Bergitte Olsdatter Sætre (Besta) frå nabo garden. Ho blir hugsa for sin varme, og var gjestmild mot alle dei som kom innom tunet.


-Ho Besta som alle kalla ho, kunne diske opp alleslags rettar på magisk vis. Uansett kva som vart trylla fram, så var det noko av det beste vi hadde smakt. Vi hugsar alle gode samtalar om viktigheita av at kun den beste kvaliteten på råvarer som kjøt og grønt var godt nok. Ho delte av si erfaring frå fleire stadar ho hadde arbeid,  mellom anna på hotell i Oslo. Desse minna og kunnskapen prøvar vi å ta vare på.

  

 - Her har stått tre hus på garden. Det fyrste vart truleg bygd i 1869, men brann ned den 23 januar 1892, medan husfolket var på basar på skulen. Løda brann ikkje ned. Men det vart bygd ny løde i 1901.

- Hus nr to var ei stove flytta frå Sve på Stranda. Denne vart frakta sjøvegen med færing og bygd opp i 1892, og vart riven ned i 1932. Delar av den vart brukt på ei tømmerhytte som ligg nær Trongstien, på vegen oppover mot Kaldalen.

 

- Vi flytta inn i huset sommaren 2017, etter ei renovering der vi har prøvd å behalde og føre tilbake den originale hus-stilen frå 30-talet.

 

-Dette er eit hus med sjel. Småruta vindauger og krossvindauger. Smal gammeldags veggpanel på alle rom. Dei fleste rom har også det gode gamle malte tregulvet.


-Ein kan kjenne kaffitørsten trenge seg på når ein stig inn kjøkkendøra. For her har det vore kokt mykje god kaffi, delt mange gode kaker, diskusjonar rundt regn og ruskevær, gode ord og latter i generasjoner.