Dyra på garden
GAMMALNORSK SPÆLSAU (GNS)
BEVARINGSVERDIG RASE
For 15 år sidan var Gammalnorsk spælsau nesten utrydda, og vart beteikna som ein trua dyrerase. I dag er heldigvis situasjonen annleis, men rasen er framleis sårbar, og har betegning som bevaringsverdig.
Dette er ein sau som høyrer heime i norsk natur! Det er viktig at desse gamle genane vert tekne vare på for ettertida. Det vart på 1700-talet importert fleire nye saueraser til Norge, men fram til då hadde GNS vore den dominerande sauerasen i Norge i tusener av år.
Denne sauerasen er vår norrøne kulturarv og like tøff som ein viking.
EIGENSKAPAR
- Den gammalnorske spælsauen er unik med tanke på dei gamle genane som den ber på. Den er ein godlynna, intelligent rase som har eit utprega godt morsinstinkt, relativt høgt lammetall, lite lammevanskar og god mjølkeevne. Med krumma horn og godt utvikla flokkinstinkt som dei har arva opp gjennom mange generasjonar har dei ein suveren måte å forsvare seg på ovanfor rovdyr. Den er lett til beins og kjapp og tek seg godt fram i brattlendt terreng.
- Den er hardfør og nøysam, og driftsformer som varmt og kald fjøs og utegang kan brukas. Dei likar godt å vere ute om vinteren, og ligg gjerne heller ute i kulda enn inne. Men ved regn og vind rundt frysepunktet, kan det vere godt å søke ly under tak. Ved utegang, eller ved bruk av kald fjøs klippar ein ulla kun ein gong, om våren. I vanlig varm fjøs må dei klippast både haust og vår.
- Når det gjeld vedlikehald av kulturlandskap og attegroing av gamle beiter så foretrekk dei gjerne lauv, urter, kvist, greiner og bark og held alt opptil 1,5 meters høgde i sjakk.
- Kjøtt og ull er unik i forhold til andre raser. Kjøttet er velsmakande og møyrt med lite fett. Ulla består av fin, mjuk bunnull og lang sterk dekkull som heng i vakre lokker i forskjellige fargar.
INFO OM VÅRE ØKOLOGISKE SAU
- Alle sauene våre er rasegodkjente med låst rase kode 16 i sauekontrollen der vi er medlem. Vi er også medlem i Landslaget for Gammalnorsk spælsau.
- Fargen på sauene våre varierer breitt. Frå svart gjennom grått, blått og brunt til kvitt. Viltfarga. Ulla høver godt til husflidsformål. Segla på vikingskip var laga av ull frå denne rasen.
- Garden vår er godkjent av DEBIO som er kontrollorganet for økologisk matproduksjon i Norge. Vi som ØKO bønder må fylgje økologi foreskrifta.
Denne set fleire krav til drifta av garden. For kunden av eit DEBIO godkjent matprodukt så skal DEBIO merket syne kvalitet og tryggheit.
Det er kun 4% av norsk sau som er Debio godkjent.
- Dyrevelferd speler ei sentral rolle i økologisk landbruk. "Dyra skal ha rett til fri bevegelse og naturlig utfoldelse". Dei skal ha god plass til å bevege seg både ute og inne. Fjøs og utearealer skal leggast opp slik dei i størst mulig grad kan utøve sin naturlige adferd. Det er krav om minimumsareal til kvar sau. Dei skal også ha turt trekkfritt liggeområde.
- Foret vi gir sauene er dyrka uten noko form for gift/sprøytemiddel eller kunstgjødsel. Markane er kun gjødsla med DEBIO godkjent naturgjødsel. Kraftforet vi kjøper er også DEBIO godkjent. Alt i alt blir dette ein god del dyrare produksjon enn ved konvensjonell drift, men kvalitet kostar.
- På garden vår har vi fokus på komfort, trivsel og velferd til dyra våre. Dei får kos og omsorg fleire gongar for dag. Dei har fri tilgang på mat heile døgnet. Dei kan gå inn og legge seg når dei vil eller gå ut på tur. Også på vinteren har dei oftast muligheit til å bevege seg ute og i terrenget. Vi meinar dette gir friskare og lukkeligare sau.
- Ta kontakt om du vil vite meir om drifta eller sauene.