Vårt "Inn på tunet-tilbod" skal gi meistring, utvikling og trivsel for brukarane som til ei kvar tid nyttar seg av tilbodet. På garden kan vi tilby store, moderne, nye og innbydande undervisningslokale, omkledningsrom og toalett-fasilitetar. Dyrehaldet vil inngå som ein del av tilbodet med stell og fôring av dyr. I gapahuken vår vil natur og vekst av planter vere i fokus. 


Vi skal sørgje for at alle trivast og har det trygt og godt på garden. Dette skal vi oppnå ved å jobbe aktivt med toleranse, inkludering, glede og respekt.


Som tilbydar skal vi hjelpe brukarane til å nå sine mål, samt utvikle seg innanfor sine gitte rammer og forutsetninger.


Garden som pedagogisk ressurs

Tilbodet vårt skal gi elevane særskilt tilrettelagt opplæring. Vi skal tilby alternative opplegg som set elevane sine interesser og føresetnadar i fokus. Dette skal bidra til at eleven klarer resten av skuleveka på ein betre måte. 


På garden er det praktiske aktivitetar og arbeidsoppgåve som er nære og konkrete. Kunnskap og erfaringer som elevane får, kan seinare verte brukt som "knaggar" til teorien som vert gjennomgått i klasserommet. Dei praktiske opplegga integrerar fleire skulefag og trenar grunnleggande dugleikar - utan at det står matte eller norsk på timeplanen.


Tilbydar er utdanna adjunkt og har fordjupning i faga matematikk, naturfag, samfunnsfag og kroppsøving og friluftsliv, og kan dermed sikre eit pedagogisk opplegg ut i frå gjeldande læreplanar.


Demensomsorg

Tilbodet vårt skal gi meiningsfulle, trygge og gode dagar for personar med demens. Aktivitetane skal tilpassast brukaren sitt funksjonsnivå og interesser. Gjennom aktivitetane skal brukarane verte stimulert til aktivitet, kommunikasjon og samvær med andre.